HOVEDSIDE - Tippa

Tippa 11, 6773 Nordfjordeid     +47 485 96425

Gå til innhold
Velkomen til Tippa 11, Kaspelbruket.

Eit spennande gardsbruk beståande av både triveleg bustadhus, fjøs/driftsbygning, uthus, kvernhus, seterhus(sel) og nausttomt i naturskjønne omgjevnadar på Haugland. Her kan du finne roen og realisere draumen om eit gardsbruk, med fine tur- og friluftsområder både ved fjord og fjell i umiddelbar nærheit. Ved fjorden har ein privat strandlinje på ca. 50 m - her kan ein verkeleg nyte båtliv, bading, jonsokfeiring og solskinsdagar saman med venner og familie !
Oversikt Tippa
Kaspelbruket har ei lang historie som strekkjer seg tilbake til tidlig 1700-talet (sjå oversikt over tidligare eigarar). Utforsk vår nettside for å lære mer om dette historiske småbruket og mulighetene det har å tilby.

Eigedomen er konsesjonspliktig landbrukseigedom og består av 11 teigar på totalt 185 dekar fordelt på 38,6 dekar dyrka mark, 2,1 dekar innmarksbeite, 84,6 dekar produktiv skog og 5,8 dekar bebygd areal. Resten av gardsbrukets areal er klassifisert som annet markslag og ikkje klassifisert. Eigedomen er i tillegg del av uregistrert sameige på 7.181,6 dekar.

Mesteparten av det dyrka arealet ligg i tlknyting til våningshuset mot Tippamyrane og mot sjø, Eidsfjorden. Arealet mot sjø vart i tidlegare tider nytta til dyrking av korn. Seinare til dyrking av frukt, grønsaker og bær. I mange år var dyrking og sal av frukt, grønsaker og bær (jordbær, bringebær, rips og solbær) ein viktig del av gardsbrukets inntekt. I dag er området mot sjø i hovudsak nytta til beite.

I tillegg har gardsbruket fiskerett i sjø og i elva Hjalma. Gardsbruket er del av felles jaktvald med jaktrett på fugl og f.eks. hjort (25 dyr).
På gardsbruket finnes det fleire areal der det er mulig å utvikle attraktive bustad- og hyttetomter. Utvikling av areala er søknadspliktige tiltak og må godkjennast av kommunen.
Bustadhus Kaspelbruket
Bustadhuset er meir enn 100 år gammalt. Bustadhuset var tidlegare bygd nord/syd og seinare snudd aust/vest.
Huset er modernisert fleire ganger m.a. etterisolering og skifte av vindusruter, installert to varmepumper og fiber.

Areal bustadhus m2 - oppmålt ved takst eigedomskatt 2019.
 
·        Kjelleretasje       78
·        Hovedetasje 1  112
·        Hovedetasje 2    74
 
Bustadhuset inneheld:
Hovedetasje1 : Stove, spisestove, soverom, kjøkken med utgang til terrasse, bad, lager/vaskerom, gang og vindfang (bislag).

Hovedetasje2 : 3 soverom, bad, bod med tilkomst til mørkeloft, og 3 skrårom/skråkott.

Kjelleretasje   : Potetkjeller, Midtkjeller, Utkjeller med direkte innvendig trapp til hovedetasje.

Seterhus på Tippasetra
Seterhuset på Tippasætra ligg ca. 6 km frå hovedhuset på garden og i nærleiken av Harpefossen Skisenter.

Her kan ein virkelig slappe av til fosseduren frå Kvanndalselva og i selskap av "folkekjære" dyr.

På sætra er det oppført eit seterhus/sel som var mykje brukt tidligare når dyra var på beite på Tippasetra og og Hjelmelandsdalen. I dag vert seterhusa på Tippasetra brukt som fritidshus med enklare standard.

Frå lang tid tilbake har det vore vanleg å sende dyra på fjellbeite deler av sommaren. Etter kvart bygde ein hus til folk og fe, og setrane vaks fram.
 
Byggemåten på setrane har endra seg overtid. Dei eldste sela var små og heller primitive. Husa på setrane var mindre forseggjorte og laga av simplare materiale enn husa heime. Standarden blei betre etterkvart som folk fekk betre råd. Gamle fjøs og sel hadde ikkje tregolv, men frå 1900-talet vart det vanleg  med tregolv. Taktekkinga var torv til innpå 1900-talet der andre byggematerialer tok over. Dei siste åra er torvtaka tilbake for fullt.

Dei fleste husa på Tippasætra i Hjelmelandsdalen er bygd på 1800– talet.
Selet på garden vart truleg bygt før 1850 og modernisert fleire gonger fram til i dag.

I områda rundt Tippasetra er det store beiteområder som i dag vert nytta av aktive gardbrukarar.
 
Kart over Nordfjord
Gardsbruket ligg i gangavstand til barnehage, barneskule og idrettsanlegg på Haugen og avstanden til Harpefossen skisenter er ca. 6 km. Avstanden til , Nordfjordeid med fem dagligvarebutikker, kjøpesenter, to apotek, lokalsykehus,  m.m. er ca. 5 km.

Til Sandane lufthavn er det 18,3 km med eigen bil eller flytaxi og til Måløy med hurtigbåt til Bergen er det 48,8 km med eigen bil eller buss. Til Oslo Gardermoen / Oslo går det ekspressbuss to ganger i døgnet heile året.
Klikk på bildene for meir informasjon om gnr./bnr. 38/7, Kaspelbruket

Areal
Klikk her for meir informasjon om gardsbrukets arealer.
Bygninger
Gardsbruket har seks bygninger, bustadhus, fjøs/driftsbygning, uthus, kvernhus, seterhus og en garasje (dårlig stand). For meir informasjon om gardsbrukets bygninger
Takst
Takst av gardsbruket er utsett til våren/sommaren 2024. Grunneigar har takst for berekning av eigedomsskatt frå tidlegare Eid kommune i 2019. Klikk her for meir informasjon om takst.
Tomteareal
Klikk her for meir informasjon om mulige bustad- og hyttearealer.
Oversikt over eigarar av gards- og bruksnummer 38/7, Kaspelbruket.
Arne Jonsson (1686–1760), skøyte 1720, fødd i Årene på Stårheim, gift med 1. Giønnete Torgieldsdotter Frislid (1693–1742) frå 123/1, gift 1743 med 2. Eli Bentsdotter (1707–1785), frå Uglen i Davik.
 
Born i fyrste ekteskap:

1.     Eli (1724–) gift 1754 med Mattis Andersson
(1700–1776), gbr. 37/1.  
2.     Jon Arnesson, neste brukar.
3.     Torgels (1730–1764), gift 1760 med Synneve
Andersdotter Dalset (1731–1789), busette seg på Føllesdal 93/2. Då han døydde, flytta ho til Haugland og gifte seg der seinare med Anders Andersson Åsen (38/3) og Hans Schonvig Jakobsson 38/3 og 38/5.
4.     Hans (1734–), nemnd i skiftet etter mora i 1742.
Jon Arnesson (1722 - 1810), bygsla av Mons H. Nitter i 1755, gift 1755 med Marie Mattisdotter Aasen, 37/1 (1728–1795).
 
1.     Arne, neste brukar.
2.     Mathias (1758–1829), gift 1790 med Magdeli
Rasmusdotter Eikås (1753–1830), bygsla bruk 114/2 i 1790, seinare kalla Mattisbruket.
3.     Hans (1761–1817), gift med 1. Ane
Gundersdotter (ca. 1750–), fekk sonen John Martines Hansen (ca. 1791–), gift 2. med Anne Haraldsen (–1824).
        Bur i Bergen. Hans er tømmermann på Werftet, og
har borgarskap som høkar. Borgar frå 1797.
4.     Jon (1763–). D. før 1795. Ikkje nemnd i skiftet
etter mora.
5.     Synnøve (1765–1855), Kassen i Vanylven, gift
1805 med Anders Andersson (1781–1848), busette seg på Kassen i Vanylven.
6.     Torger (1766. d. før 1795). Ikkje nemnd i mora sitt
skifte.
7.     Gjønnet (1768–1831), gift 1798 med Ole Eriksson
Mørkeset (1777–1835). Busette på Mørkeset.
Arne Jonsson (1756–1838), skøyte på ½ laup for 97 rdl i 1794, gift 1795 med 1. Anne Abrahamsdotter Åsebø (1758–1816), frå 60/2. Bygsla det resterande av Claus Finde i 1799. Bruk 60/2.

1.     Mari/Marte (1796–1831), g. 1825 med enkemann
Tollev Andersson Hanebrekke (1788–1833) på 90/4. Anne fekk ikkje barn.
2.     Johannes, neste brukar.
3.     Martinus (1805–1824), drukna 1824 i Eidsfjorden
i lag med Erik Hansson Hanebrekke. Båten kvelva.

gift 1817 med 2. enke Kari Andersdotter Myklebust,
var gift på Haus og Eikås tidlegare (1760–1833). Ingen born i andre ekteskapet.

1817. Takst over bruket (over 18 mrk smør- i Claus
Finde Findes sitt dødsbu),  2 pund 6 mrk smør er heile bygsla i bruket:
Johannes Arneson (1800 – 1869), skøyte på 1 pd 6 mk i 1822 og resten på 18 mk/100 spd i 1839 frå Landmarck, gift 1824 med Sara  Steffensdotter Lund (1804 – 1866).
    
1.      Marie, gift med neste brukar
2.      Johanne Marta Catrine (1830 -1919), gift 1851  
 med Ole Søren Ingebrigtson (1820 – 1899). Hundeide
3.     Kari (1834 – 1885), gift 1857  med Ole Danielson
(1835 – 1916), Bjørhovde, 23/7.
 
Svigersonen
Kasper Henriksson, f. Rysta i Eid (1820–1876), skøyte 1856, gift 1849 med 1. Marie Johannesdotter Tippen (1825–1873).

1.     Johannes Karolus, neste brukar.
2.     Henrik Jens (1860–1929). Emigrerte 1880 til USA
og vart gift 1887 med Janika Vedvik frå 57/1 (1868–1951), som hadde emigrert i 1885. Henrik nytta etternamnet Caspersen. Dei var farmarar i Freeman, Crawford County, Wisconsin og hadde borna Casper (1887), Marie (1889), Martha (1889), Emma (1892) og Helmer (1905).
 
Gift 1874 med 2. Eva Hansdotter Skipenes (1832–1914).  
Nemnd  som kårenke utan born på Tippen  i 1910.
Johannes Karolus Haugland (1852–1935), gbr. og hustømmermann, skøyte 1875, gift 1875 med Gjertrud Bertine Olsdotter Øvrelid (1853–1927), frå 40/4.

1.     Marie Sara (1875–1932). Budeie og
gardsarbeidar for faren. Fekk kår i 1923 på Haugland.
2.     Kasper (1877–1883).
3.     Ole (1880–1883).
4.     Johan Edvard, neste brukar.
5.     Karoline (1885–1970), gift 1916 med Mathæus
Simonnes (1893–1971), frå Kalsnes i Sande, fiskar. Dei busette seg på Årebakke 38/11, Haugland.
        Karoline var husmor og dagarbeidar i Måløy
i 1920.
6.     Oline (1887–1887).
7.     Kasper (1888–1952), bakar i Ålesund, gift 1917
med Adolfe Olsdotter Istad (1898–1990). Ålesund.
8.     Ole (1890–1926). Steinarbeidar for Statens
hamnevesen. Døydde på Haugland.
               
Johan Edvard Johannesson Haugland (1883–1964), gbr, vinterfiske med småbåt, emigrerte til USA i 1903, vart US-borgar i 1910, skøyte 08.10.1923 2,96 mrk for 4000 kr, gift 01.06.1922 med Inga Johansdotter Løviknes (1899–1989), frå 38/2. Dei hadde sølvrevfarm i mellomkrigstida.

Born:
1.     Gudrun (1926–1990), gift med Johan Tiedemann
Ruud Mack (1922–1999). Født på Avaldsnes, Karmøy. Døydde på Nesodden.
2.    Johannes Malvin, neste brukar.
 
Johannes Malvin Haugland (1932–2020), fekk skøyte  22.04.1952, før han reiste i militæret, tok rekruttskulen på Steinkjersanden og resten i Tysklandsbrigaden i Kiel, gardbrukar, bygde ny lade i 1980, ugift.

Johannes dreiv gardsbruk med mjølkeproduksjon og sau fram til 1990/91. I tillegg var gris og høner ein naturleg del av gardsdrifta, og i periodar selde Johannes egg frå garden. I periodar dreiv ein med produksjon av frukt og bær som Johannes leverte både lokalt og ute ved kysten/Søre Sunnmøre.

Johannes var og med på anleggsarbeid, Håvikbygget på Eid og tunnelen i Ålfoten m.m. Han var også med på sildearbeid i Måløy som mange andre her i bygda. Han var og i periodar sjåfør for Johan Løviknes og Smørdal Trevarefabrikk.
Terje Johannes Mack (1952–), skøyte 21.03.2000, har utdanning innan datafag.

Han var lærar ved IT-linja på Eid vidaregåande skule, tok til i nyoppretta stilling som EDB-konsulent i Sparebanken Vest. og IT ansvarleg i Domstein ASA.
Deretter flytte han til Oslo, der han arbeidde lenge i IBM.

Mack vart vald inn i kommunestyret for Høgre i 1983.
Kjelde: Bygdebok for Haugen og Hjelmelandsdalen.
Footer for nettstedet Tippa
Tippa 11, 6773 Nordfjordeid
+47 485 96425  e-post post@tippa.no  

Tilbake til innholdet